Velkommen til Næringsfabrikken
Eit bygg med mange moglegheita!
Næringsarena, næringsareal, kontorfellesskap og Cowork på indre Sunnmøre!
Utforsk nye moglegheiter i eit unikt område i bygget – som knappast nokon gong har vore i bruk. Eller finn din plass i dei andre områda av Næringsfabrikken.
I det historiefylte huset vårt har det siste tida vore mykje aktivitet. Vi gler oss no stort til å kunne invitere både nye leigetakarar, gjestar frå fjern og nær og endå fleire inn.
Bookingteneste og endå litt til er framleis under utvikling.
BYGGKRAFT
Korleis skape meir verdi i ei bransje i endring BYGGKRAFT er fagdagen for leiarar i bygg-, anleggs- og eigedomsbransjen som kjenner at tempoet aukar, og at vala blir viktigare. Krava skjerpast, teknologien flyttar grenser, og rommet for feil blir mindre. Samstundes...
Sykkylven Framover
Kva skjer eigentleg i Sykkylven framover? Vi inviterer i samarbeid med Sykkylven Kommune til ein inspirerande kveld om moglegheiter, bustad og framtid i bygda vår! Bli med inn i perspektivet til ein tilflyttar:– Kvar skal ein bu?– Korleis finansiere bustad?– Kva...
Finn din plass i Coworken!
Her kan du sitte i ope landskap, cellekontor eller i studiokontor. Fleksibilitet og atmosfære er nøkkelord for å beskrive korleis det er å jobbe her, du kan til og med sitte i møte med himmelen som tak!
«Det må kunna kallast unikt når du kan ha ein slik arbeidsplass. Som om du sat på brua til eit ruvande skip, er du så nære vasskorpa at du kan sjå laksen i auga når den hoppa, og i neste augeblink nyt du tindefjell og natur du berre kan drøyme om, i stort sett heile verda ellast! Du kan lett nå ein liten tur opp i skogen, ned i fjøra eller bortom treningsrommet – midt i arbeidstida om du he moglegheit. Men du kan også berre nyte tilværet rett frå ein herleg loungestol, eller frå eit av dei andre verdskjende møblane i denne leikegrinda. Eller, kva med å faktisk berre mosjonere litt, langs vindauget på Sunnmøres mest solfylte plass, medan du jobba!? Bedrifta di må berre ha ein plass her!»
Næringsarena på indre Sunnmøre
Coworken er saumlaust fletta saman med Næringsarenaen. Som gir rom for uante moglegheiter. I Næringsarenaen finn du eit mangfald av tilbehøyr og løysingar – og veien til nye, spennande samarbeid er kort. Her finn du aktivitetar og forum for teknologi, industri og andre næringsmiljø.
I næringsarenaen finner du:
– Konferanse-/kursrom med sitjeplass til 120
– Multiareal for messe, fagdag og ulike arrangement
– Bar og lounge
Planar? Send ein førespurnad.
Lokasjon for di bedrift?
Over 60 spennande aktøra er allereie på plass i Næringsfabrikken. Vi legg til rette for deg med lita bedrift, stor bedrift og du som kunne tenkt deg å sitte eksternt. Fortel oss behova dine og dine tankar, så skal vi gjere vårt beste for at bedrifta di får ei god løysing – og god plass. No kjem det kantine på huset, i tillegg får du tilgang på møterom og fasilitetar som elles er tilgjengeleg for alle på Næringsfabrikken.
Ta kontakt for ein prat om kva moglegheiter som kan tilbydast.
Teknologi og utvikling
På Næringsfabrikken finn du høgteknologiske bedrifter og elles godt miljø for teknologi og utvikling i bygget. Tech laben vår er no klar til å ta imot nye medlem.
Har du noko spennande på gang? Kontakt oss for ein prat.
Kontakt oss