top of page
DJI_20250712115322_0039_D.JPG

Plass til å utvikle det neste

På Næringsfabrikken finn du næringsareal for meir enn berre kontor. Her er det rom for produksjon, teknologi, innovasjon, testing, utvikling og andre verksemder som treng plass til å skape og vekse.

Her kan du få ditt eige areal, samtidig som du har tilgang til eit større næringsmiljø, møtefasilitetar, kantine og aktivitetar rett utanfor døra.

Bygget er allereie heim for ei rekke ulike verksemder og fagmiljø, samtidig som vi har areal med potensial for nye etableringar og nye løysingar.

 

​

Ser du etter lokale? Ta ein prat med oss →

Produksjon

Innovasjon

Teknologi

Testing

Kontor

Utvikling

Teknologiparken

Eige areal, men del at eit større miljø.

​

Teknologiparken passar for bedrifter som treng meir plass til utvikling, produksjon, testing eller anna spesialisert verksemd, men som samtidig ser verdien av å vere tett på andre fagmiljø.

Her finn du både sjølvstendige bedrifter og avdelingar av større verksemder. Kvar bedrift har sitt eige område og sin eigen kvardag, men blir samtidig ein del av næringsmiljøet på Næringsfabrikken.

Lunsjen, eit arrangement eller ein tilfeldig prat i gangen kan gi kontakt med folk frå heilt andre fagfelt, potensielle kundar eller framtidige samarbeidspartnarar.

Studio photography of two men collaborating at an industrial textile or embroidery machine. The bright, modern workshop setting emphasizes a focus on skilled craftsmanship and professional partnership.
DJI_0053.JPG
Studio photography of an open-plan industrial office space. The room features high ceilings, concrete floors, and large windows with distant views, creating a professional and quiet workspace.
Studio photography of a group of professionals standing in an office and observing a piece of equipment behind a glass partition labeled +Lab Testcenter. The atmosphere is collaborative and serious.

næringsareal

Treng verksemda di sin eigen plass?

Næringsfabrikken har også areal for bedrifter som først og fremst treng gode og fleksible lokale til eiga drift.

Behovet kan vere alt frå produksjon og lager til verkstad, kontor eller andre typar næringsverksemd.

Storleik, utforming og behov varierer, og vi ser derfor heller på kva verksemda di treng enn å tilby éi standardløysing.

Behova er forskjellige. Nokon treng produksjonsareal, andre ønskjer ei eiga avdeling, utviklingsmiljø, verkstad eller ein kombinasjon av fleire funksjonar.

På Næringsfabrikken har vi ulike typar areal, og fleire av dei kan utviklast og tilpassast etter behov. Derfor tek vi gjerne utgangspunkt i kva verksemda di faktisk treng, framfor å berre vise kva som står ledig akkurat no.

Ta kontakt

bottom of page