top of page

Om Næringsfabrikken

Ein møteplass for arbeid, læring og gode møte mellom folk

Næringsfabrikken er ein stad der menneske, bedrifter og idéar møtest. Her finn du coworking, kontor, møterom, kurs, arrangement og eit fellesskap som skaper aktivitet og nye moglegheiter i regionen.

Frå Industri til innovasjon

Bygget vårt har lange røter i industrihistoria til Sykkylven, som den tidligere Hjellegjerde fabrikken. Der det før vart skapt produkt og arbeidsplassar, blir det i dag skapt idéar, samarbeid, kompetanse og nye moglegheiter.

Vi er stolte av historia og av å kunne gi bygget nytt liv som ein open møteplass for framtidas arbeidsliv.

C16B1244.JPG
1000012221.jpg

Vi trur gode ting skjer når folk møtest

Bak Næringsfabrikken ligg ei enkel overtyding: Når menneske møtest, oppstår nye idéar, samarbeid og moglegheiter.

Difor ønskjer vi å skape ein stad der det er lett å arbeide, lære, dele erfaringar og bli kjent med andre.

Dette kan du bruke Næringsfabrikken til

Arbeide

Møtast

Lære

Skape

Coworking, cellekontor,  studiokontor og nettverk.

Møterom, konferansar og bedriftsarrangement.

Kurs, faglege møteplassar og kompetanseutvikling.

Studio for podkast, foto og film.

NF Techlab

Eit felleskap av små og store verksemder

Kvar dag fyllest Næringsfabrikken av menneske frå ulike bransjar og verksemder. Her finn du alt frå etablerte selskap og gründarar til organisasjonar, rådgivarar og frilansarar.

Det er denne blandinga som gjer huset levande.

Vi som jobber her

Kurt R. Sørgård

Eigendomssjef

Kurt@nfab.no

Karoline B. Ekornes Myklebust

Vertskapskoordinator

Karoline@nfab.no

Yevheniia Tretiak

Kantine, service og reinhald

Styret bak Næringsfabrikken

styret.png

Næringsfabrikken i lokalsamfunnet

1000012293.jpg

Næringsfabrikken er meir enn kontor, møterom og arrangementslokale. Vi ønskjer å vere ein levande møteplass som skaper aktivitet, samarbeid og nye moglegheiter i regionen.

​

Gjennom kurs, arrangement, nettverk og samarbeid med næringsliv, kommune, organisasjonar og kunnskapsmiljø legg vi til rette for læring, utvikling og verdiskaping.

Vi heiar på initiativ som samlar folk, styrker lokalsamfunnet og bidreg til at det blir attraktivt å bu, arbeide og skape i regionen.

​

For oss handlar det om meir enn bygget. Det handlar om menneska, møta og moglegheitene som oppstår når folk samlast.

bottom of page